Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 3:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk.

7. Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.

8. Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samhuga og syn medkjensle, elska kvarandre som sysken, ver miskunnsame og audmjuke.

9. Løn ikkje vondt med vondt eller skjellsord med skjellsord. Men velsigna heller. For de er kalla til å få velsigning.

10. Den som elskar livetog vil sjå gode dagar,skal halda tunga frå det vondeog lippene frå svikefulle ord.

11. Han må venda seg frå det vondeog gjera det gode,søkja fred og jaga etter han.

12. For Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige,og han vender øyra ¬til deira bøn.Men Herren vender seg mot dei ¬som gjer vondt.

13. Og kven kan gjera dykk vondt, når de brenn for det gode?

14. Men sæle er de om de lid for rettferd skuld. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skræma,

15. men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig.

16. Men gjer det audmjukt og med age, så de kan ha reint samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar rette livsferd i Kristus, verta til skammar med skuldingane sine.

Les hele kapitlet 1. Peter 3