Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 3:3-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Lat ikkje ytre stas, hårflettingar, gullkjeder eller fine klede vera dykkar prydnad,

4. men det indre, løynde menneske, den mjuke og stille ånd, som er uforgjengeleg og gjæv for Gud.

5. For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna,

6. liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk.

7. Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.

8. Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samhuga og syn medkjensle, elska kvarandre som sysken, ver miskunnsame og audmjuke.

9. Løn ikkje vondt med vondt eller skjellsord med skjellsord. Men velsigna heller. For de er kalla til å få velsigning.

10. Den som elskar livetog vil sjå gode dagar,skal halda tunga frå det vondeog lippene frå svikefulle ord.

Les hele kapitlet 1. Peter 3