Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 3:11-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Han må venda seg frå det vondeog gjera det gode,søkja fred og jaga etter han.

12. For Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige,og han vender øyra ¬til deira bøn.Men Herren vender seg mot dei ¬som gjer vondt.

13. Og kven kan gjera dykk vondt, når de brenn for det gode?

14. Men sæle er de om de lid for rettferd skuld. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skræma,

15. men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig.

16. Men gjer det audmjukt og med age, så de kan ha reint samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar rette livsferd i Kristus, verta til skammar med skuldingane sine.

17. For det er betre å lida når ein gjer godt, om Gud så vil, enn når ein gjer vondt.

18. For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden,

19. og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap.

20. Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn,

21. det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode –

22. han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.

Les hele kapitlet 1. Peter 3