Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 2:10-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

11. Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela.

12. Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem.

13. For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,

14. eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.

15. For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og målbinda uforstandige menneske som ikkje veit kva dei talar om.

16. De er frie; bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera det som vondt er; men bruk han som Guds tenarar!

17. De skal ha vørdnad for alle, elska brorskapen, ottast Gud og æra keisaren.

18. De tenestfolk skal underordna dykk herrane dykkar og ha age for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg.

19. Om nokon finn seg i ufortent liding fordi han kjenner seg bunden til Gud i samvitet, så har Gud hugnad i det.

20. For kva er det å rosa seg av om de toler straff når de har gjort noko gale? Men om de tek det med tol når de gjer godt og endå må lida, då er det til hugnad for Gud.

21. Det var dette de vart kalla til. For Kristus leid for dykk og gav dykk eit føredøme, så de skulle fylgja i hans fotefar.

22. Han gjorde ikkje synd, og det fanst ikkje svik i hans munn.

23. Han skjelte ikkje att når han vart utskjelt, han truga ikkje når han leid, men overlét si sak til han som dømer rettferdig.

24. Han bar syndene våre på lekamen sin opp på krosstreet, så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda, og ved hans sår har de fått lækjedom.

25. De var som bortkomne sauer, men no har de vendt om til han som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.

Les hele kapitlet 1. Peter 2