Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 2:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,

2. og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.

3. De har då smaka at Herren er god.

4. Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.

5. Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.

6. For det heiter i Skrifta:Sjå, eg legg på Sion ¬ein hjørnestein,som er utvald og dyrverdig;den som trur på han,skal ikkje verta til skammar.

7. Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,

8. ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9. Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.

10. Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

11. Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela.

12. Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem.

13. For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,

14. eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.

15. For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og målbinda uforstandige menneske som ikkje veit kva dei talar om.

Les hele kapitlet 1. Peter 2