Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 6:7-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker med kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap?

8. Men de gjer urett og lèt andre lida tap – og det jamvel brør.

9. Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette,

10. korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike.

11. Somme av dykk var ein gong slike. Men de har late dykk vaska, de er helga, ja, rettferdige for Gud i Herren Jesu Kristi namn og ved vår Guds Ande.

12. Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg.

13. Maten er til for magen og magen for maten; men Gud skal gjera ende på dei begge. Lekamen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for lekamen.

14. Gud reiste Herren opp frå dei døde, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp.

15. Veit de ikkje at lekamane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til skjøkjelemer? Langt ifrå!

16. Eller veit de ikkje at den som held seg til ei skjøkje, er éin lekam med henne? Det er sagt: «Dei to skal vera eitt.»

17. Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han.

18. Hald dykk frå hor! All synd som eit menneske elles gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp.

19. Veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for Den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:

Les hele kapitlet 1. Korintar 6