Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 6:13-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Maten er til for magen og magen for maten; men Gud skal gjera ende på dei begge. Lekamen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for lekamen.

14. Gud reiste Herren opp frå dei døde, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp.

15. Veit de ikkje at lekamane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til skjøkjelemer? Langt ifrå!

16. Eller veit de ikkje at den som held seg til ei skjøkje, er éin lekam med henne? Det er sagt: «Dei to skal vera eitt.»

17. Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han.

18. Hald dykk frå hor! All synd som eit menneske elles gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp.

19. Veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for Den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:

20. De er kjøpte, og prisen er betalt. Bruk då lekamen til ære for Gud!

Les hele kapitlet 1. Korintar 6