Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 6:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når ein av dykk har sak mot ein bror, korleis kan han då våga å leggja henne fram for heidningar og ikkje for dei heilage?

2. Veit de ikkje at dei heilage skal døma verda? Og dersom verda skal dømast av dykk, er de ikkje då verdige til å døma i dei minste saker?

3. Veit de ikkje at vi skal døma englar? Då må de kunna døma i saker som har med dette livet å gjera.

4. Men når de har slike saker, korleis kan de då setja folk som kyrkjelyden ser ned på, til domarar?

5. De skulle skjemmast! Finst det ikkje eit einaste vitug menneske hjå dykk som kan skifta rett mellom brørne sine?

6. Nei, bror fører sak mot bror, og det for vantruande domarar.

7. Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker med kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap?

8. Men de gjer urett og lèt andre lida tap – og det jamvel brør.

Les hele kapitlet 1. Korintar 6