Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 5:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. De har sanneleg ikkje mykje å rosa dykk av! Veit de ikkje at litt surdeig syrer heile deigen?

7. Reinsa ut den gamle surdeigen, så de kan vera ein ny deig! De er då som usyrt brød. For vårt påskelam er slakta, Kristus.

8. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gamal surdeig av vondskap og synd, men med reinleiks og sannings usyrte brød.

9. I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha noko å gjera med folk som lever i hor.

10. Då meinte eg ikkje alle som driv hor her i verda, heller ikkje dei pengekjære, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut or denne verda.

11. Det eg meinte, var at de ikkje skal ha samkvem med nokon som vert kalla kristen bror, men er ein horkar, havesjuk, avgudsdyrkar, spottar, drikkar eller ransmann. Eit slikt menneske skal de heller ikkje eta i lag med.

12. Kva har vel eg med å døma dei som står utanfor? Er det ikkje dei som er innanfor de skal døma?

13. Dei som står utanfor, skal Gud døma. Så støyt då den vonde ut ifrå dykk!

Les hele kapitlet 1. Korintar 5