Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 5:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Beint ut sagt: Ein høyrer om hor hjå dykk, og det slikt hor som ikkje eingong vert tolt hjå heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin.

2. Og de er hovmodige! De skulle heller syrgja, så den som har gjort dette, kunne verta utstøytt ifrå dykk.

3. For eg, som er fråverande med lekamen, men hjå dykk i ånda, eg har alt felt domen over den skuldige, som om eg var til stades:

4. De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss.

5. Då skal denne mannen overgjevast til Satan og lekamen hans verta øydelagd, så ånda kan verta frelst på Herrens dag.

6. De har sanneleg ikkje mykje å rosa dykk av! Veit de ikkje at litt surdeig syrer heile deigen?

Les hele kapitlet 1. Korintar 5