Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 2:9-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men det står skrive:Det auga ikkje såg,det øyra ikkje høyrde,det som ikkje kom oppi nokon mennesketanke,alt det Gud har gjort ferdigfor dei som elskar han,

10. det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud.

11. Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud.

12. Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.

13. Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord.

14. Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis.

15. Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon.

16. Forkven kjende Herrens hug,så han kunne gje han råd?Men vi har Kristi hug.

Les hele kapitlet 1. Korintar 2