Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 2:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom.

2. For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.

3. Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.

4. Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft.

5. For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

6. Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.

7. Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen.

8. Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.

9. Men det står skrive:Det auga ikkje såg,det øyra ikkje høyrde,det som ikkje kom oppi nokon mennesketanke,alt det Gud har gjort ferdigfor dei som elskar han,

10. det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud.

11. Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud.

Les hele kapitlet 1. Korintar 2