Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 16:6-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Men hjå dykk vert eg nok verande ei tid, kanskje vinteren over. Så kan de rusta meg ut til ferda vidare, kvar ho så går.

7. Denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre for nokre dagar, men eg vonar å kunna stogga ei tid, om Herren gjev meg lov.

8. I Efesos vil eg drya til pinse.

9. Her står døra vidopen for meg til ei rik verksemd, og det er mange motstandarar.

10. Når Timoteus kjem, må de syta for at han kan kjenna seg trygg hjå dykk. Han gjer Herrens gjerning liksom eg.

11. Difor skal ingen sjå ned på han. Hjelp han i veg, og lat han fara med fred, så han kan koma til meg. Eg og brørne ventar på han.

12. Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg at han må fara til dykk saman med dei andre brørne. Men han er slett ikkje viljug til å reisa no; han kjem så snart han får høve til det.

13. Ver vakne, og stå faste i trua! Ver djerve og sterke!

14. Lat alt de gjer, gå føre seg i kjærleik!

15. Endå ein ting legg eg dykk på hjarta, brør. De veit at huslyden til Stefanas var dei fyrste som vart vunne i Akaia, og at dei har vigt seg til å tena dei heilage.

16. De òg må retta dykk etter slike som dei, og etter kvar medarbeidar som gjer si gjerning.

17. Eg gleder meg over at Stefanas og Fortunatus og Akaikus er komne. Det har vege opp saknet av dykk.

18. For dei har sett nytt mot både i meg og dykk. Menn som dei skal de syna vørdnad.

19. Kyrkjelydane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska og kyrkjelyden som samlast heime hjå dei, helsar dykk hjarteleg i Herrens namn.

20. Alle brørne her sender si helsing. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!

21. Eg, Paulus, skriv mi helsing med eiga hand.

Les hele kapitlet 1. Korintar 16