Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 16:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de gjera det på same måten som eg gav påbod om til kyrkjelydane i Galatia.

2. Fyrste dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hjå seg sjølv det han får lukke til, så innsamlinga ikkje skal ta til fyrst når eg kjem.

3. Når eg så kjem, skal eg senda dei som de har valt til det, med brev, og dei skal føra gåva dykkar til Jerusalem.

4. Og skulle det syna seg best at eg òg reiser, kan dei fara saman med meg.

5. Eg kjem til dykk når eg har vore i Makedonia; for Makedonia skal eg gjennom.

6. Men hjå dykk vert eg nok verande ei tid, kanskje vinteren over. Så kan de rusta meg ut til ferda vidare, kvar ho så går.

7. Denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre for nokre dagar, men eg vonar å kunna stogga ei tid, om Herren gjev meg lov.

8. I Efesos vil eg drya til pinse.

9. Her står døra vidopen for meg til ei rik verksemd, og det er mange motstandarar.

10. Når Timoteus kjem, må de syta for at han kan kjenna seg trygg hjå dykk. Han gjer Herrens gjerning liksom eg.

11. Difor skal ingen sjå ned på han. Hjelp han i veg, og lat han fara med fred, så han kan koma til meg. Eg og brørne ventar på han.

12. Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg at han må fara til dykk saman med dei andre brørne. Men han er slett ikkje viljug til å reisa no; han kjem så snart han får høve til det.

13. Ver vakne, og stå faste i trua! Ver djerve og sterke!

Les hele kapitlet 1. Korintar 16