Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 14:8-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid?

9. Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret.

10. Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining.

11. Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg.

12. Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden!

13. Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.

14. For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det.

15. Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet.

16. For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.

17. Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det.

18. Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.

19. Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger.

20. Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne.

21. Det står skrive i lova:Gjennom folk med anna språkog med framandt tungemålskal eg tala til dette folket;men endå vil dei ikkje høyra ¬på meg,seier Herren.

Les hele kapitlet 1. Korintar 14