Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 14:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd.

6. Set no, brør, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva gagn har de av det, når eg korkje gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære?

7. Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela?

8. Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid?

9. Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret.

10. Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining.

11. Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg.

Les hele kapitlet 1. Korintar 14