Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 14:21-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Det står skrive i lova:Gjennom folk med anna språkog med framandt tungemålskal eg tala til dette folket;men endå vil dei ikkje høyra ¬på meg,seier Herren.

22. Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande.

23. Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet?

24. Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle.

25. Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: «Gud er sanneleg mellom dykk!»

26. Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging!

27. Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda.

28. Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.

29. To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt.

30. Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia.

31. For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning.

32. Profetar har herredøme over åndene som talar i dei.

33. For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar

34. skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier.

35. Men vil dei ha greie på noko, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden.

36. Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut, eller er det berre til dykk det er kome?

37. Trur nokon at han er profet eller åndsfylt, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod.

38. Den som ikkje godtek dette, vert sjølv ikkje godteken.

39. Difor, brør: Legg vinn på å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger.

40. Men lat alt gå sømeleg og skipeleg til!

Les hele kapitlet 1. Korintar 14