Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 14:11-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg.

12. Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden!

13. Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.

14. For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det.

15. Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet.

16. For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.

17. Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det.

18. Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.

19. Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger.

20. Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne.

21. Det står skrive i lova:Gjennom folk med anna språkog med framandt tungemålskal eg tala til dette folket;men endå vil dei ikkje høyra ¬på meg,seier Herren.

22. Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande.

23. Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet?

24. Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle.

25. Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: «Gud er sanneleg mellom dykk!»

26. Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging!

27. Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda.

28. Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.

29. To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt.

Les hele kapitlet 1. Korintar 14