Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 13:9-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10. Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende.

11. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege.

12. No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

13. Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Les hele kapitlet 1. Korintar 13