Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 13:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2. Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.

3. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.

4. Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp.

5. Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde.

6. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.

7. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8. Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt.

Les hele kapitlet 1. Korintar 13