Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 12:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når det gjeld Andens gåver, brør, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap om dei.

2. De veit at då de var heidningar, vart de dregne til dei mållause avgudane og førte hit og dit.

3. Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna er Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den Heilage Ande.

4. Det er skil på nådegåver, men Anden er den same.

5. Det er skil på tenester, men Herren er den same.

6. Det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle.

7. Hjå kvar einskild gjev Anden seg til kjenne, så det vert til gagn.

8. Ved Anden vert det gjeve den eine å forkynna visdom; ein annan får ved den same Ande å tala kunnskap.

9. Éin får ei serskild trusgåve ved den same Ande, ein annan får den nådegåva å lækja ved den eine og same Ande,

10. og éin får kraft til å gjera mektige gjerningar. Éin får den gåva å tala profetisk, ein annan gåva å prøva ånder, éin får tungetale av ulikt slag, ein annan å tyda tungetalen.

11. Alt dette verkar den eine og same Ande, som deler ut sine gåver til kvar einskild, som han vil.

12. For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg.

13. For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka.

14. For lekamen er heller ikkje ein lem, men mange.

15. Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer han like fullt med til lekamen.

Les hele kapitlet 1. Korintar 12