Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 11:26-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem.

27. Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod.

28. Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken.

29. For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms.

30. Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av.

31. Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde.

32. Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.

33. Difor, mine brør: Når de kjem saman til måltid, må de venta på kvarandre!

34. Er nokon svolten, får han eta heime, så ikkje samkomene dykkar skal føra dom over dykk. Om det andre skal eg gje føresegner når eg kjem.

Les hele kapitlet 1. Korintar 11