Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 11:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ha meg til førebilete liksom eg har Kristus til førebilete!

2. Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held fast på dei overleveringar som eg har gjeve vidare til dykk.

3. Men eg vil de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovudet for kvinna, og Gud er hovudet for Kristus.

4. Ein mann som har noko på hovudet når han bed eller talar profetisk, han vanærar hovudet sitt.

5. Men ei kvinne som bed eller talar profetisk utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er det same som om ho var snauklypt.

6. Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klyppa håret av seg! Men sømer det seg ikkje for ei kvinne å klyppa eller raka håret av seg, då må ho ha hovudbunad.

7. Mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære.

8. For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen.

9. Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.

10. Difor skal kvinna, for englane skuld, ha hovudbunad til eit teikn på mynde.

11. Men i Herren er ikkje kvinna noko utan mannen, og mannen er heller ikkje noko utan kvinna.

12. For liksom kvinna vart til av mannen, så vert mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud.

13. Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet?

14. Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår,

Les hele kapitlet 1. Korintar 11