Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 3:6-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Den som er i han, lever ikkje i synd. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.

7. Mine born, lat ingen føra dykk vilt! Den som lever rett, han er rettferdig, liksom Kristus er rettferdig.

8. Den som syndar, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.

9. Den som er fødd av Gud, syndar ikkje. For det sædet Gud har lagt ned i han, er i han; han kan ikkje synda lenger, fordi han er fødd av Gud.

10. Såleis syner det seg kven som er Guds born og kven som er djevelens born: Den som ikkje lever rett og ikkje elskar bror sin, han er ikkje av Gud.

11. For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.

12. Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

Les hele kapitlet 1. Johannes 3