Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 3:10-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Såleis syner det seg kven som er Guds born og kven som er djevelens born: Den som ikkje lever rett og ikkje elskar bror sin, han er ikkje av Gud.

11. For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.

12. Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13. De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.

14. Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden.

15. Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.

16. Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne.

17. Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?

18. Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning!

19. På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn.

20. For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt.

21. De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud.

22. Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han.

23. Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss.

Les hele kapitlet 1. Johannes 3