Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 3:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sjå kor stor kjærleik Faderen har synt oss: Vi skal kallast Guds born. Og det er vi. Difor kjenner ikkje verda oss, fordi ho ikkje kjenner han.

2. De kjære, no er vi Guds born; og det er enno ikkje openberra kva vi skal verta. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi verta han like, for vi skal sjå han som han er.

3. Kvar den som har denne vona til han, reinsar seg, liksom Kristus er rein.

4. Den som syndar, bryt lova, for synd er lovbrot.

5. Og de veit at han openberra seg for å ta bort syndene våre, han som sjølv er utan synd.

6. Den som er i han, lever ikkje i synd. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.

Les hele kapitlet 1. Johannes 3