Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 2:9-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Den som seier at han er i ljoset, men hatar bror sin, han er enno i mørkret.

10. Den som elskar bror sin, er i ljoset, og han fører ingen til fall.

11. Men den som hatar bror sin, er i mørkret og ferdast i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda augo hans.

12. Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.

13. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har vunne over den vonde.

14. Eg skriv til dykk, mine born, fordi de kjenner Faderen. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de er sterke. Guds ord vert verande i dykk, og de har vunne over den vonde.

15. Elska ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Faderen i seg.

16. For alt her i verda, sanseleg lyst, augnelyst og hovmod fordi ein er rik, det er ikkje av Faderen, men av verda.

17. Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, vert verande til evig tid.

18. Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen.

19. Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss.

20. Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap.

21. Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga.

Les hele kapitlet 1. Johannes 2