Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 2:23-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg.

24. Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen.

25. Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

26. Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt.

27. Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

28. Ja, mine born, ver i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje verta bortviste med skam når han kjem att.

29. De veit at han er rettferdig, og då skjønar de at den som lever rett, er fødd av han.

Les hele kapitlet 1. Johannes 2