Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 2:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige.

2. Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.

3. Og på dette veit vi at vi kjenner han: om vi held boda hans.

4. Den som seier at han kjenner han, men ikkje held boda hans, er ein lygnar, og sanninga er ikkje i han.

5. Men den som held ordet hans, i han har kjærleiken til Gud vorte fullenda. Av dette veit vi at vi er i han.

6. Den som seier at han er i han, må leva som Jesus levde.

7. De kjære! Det er ikkje eit nytt bod eg skriv til dykk, men eit gamalt bod som de har hatt frå fyrste stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt.

8. Likevel er det eit nytt bod eg kjem med, fordi det no har vorte røyndom i han og mellom dykk. For mørkret kverv, og det sanne ljoset skin alt no.

9. Den som seier at han er i ljoset, men hatar bror sin, han er enno i mørkret.

10. Den som elskar bror sin, er i ljoset, og han fører ingen til fall.

11. Men den som hatar bror sin, er i mørkret og ferdast i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda augo hans.

12. Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.

Les hele kapitlet 1. Johannes 2