Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 1:10-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,skal det høyrast skrik ¬frå Fiskeporten,jammer frå Nybyenog sterkt brak frå haugane.

11. Hyl, de som bur i Morteren,for heile kræmarfolket ¬er gjort til inkjes,utrudde er alle ¬som vog opp sølv.

12. På den tid skal det hendaat eg ransakar Jerusalem ¬med ljos og lyktog krev mennene der ¬til rekneskap,dei som sit stive ¬over bermen av sin vinog seier med seg sjølve:«Herren gjer korkje godt ¬eller vondt.»

13. Eigedomen deira ¬skal plyndrastog husa deira øydeleggjast.Byggjer dei hus, ¬får dei ikkje bu i dei,plantar dei vinhagar, ¬får dei ikkje drikka vinen.

14. Nær er Herrens dag, den store;han er nær og kjem med hast!Høyr, beisk er Herrens dag,då ropar krigaren høgt.

15. Den dagen er ein vreidedag,ein dag med naud og trengsle,ein dag med storm og herjing,ein dag med mørker ¬og dimme,ein dag med skyer og skodd,

16. ein dag med hornlåt og hærropmot dei faste borgerog mot dei høge tårn.

17. Då vil eg gjera folk så reddeat dei går ikring som blinde,for dei har synda mot Herren.Blodet deira ¬skal kastast ut som avfallog kjøtet deira som møk.

Les hele kapitlet Sefanja 1