Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 1:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.

2. Eg riv bort,alt riv eg bort frå jorda,lyder ordet frå Herren.

3. Eg riv bort både folk og fe,fuglen i lufta og fisken i sjøen.Eg fører dei ugudelege til fallog rydjar menneska ut av jorda,lyder ordet frå Herren.

4. Eg retter ut handa mot Juda,mot alle som bur i Jerusalem.Eg tek bort frå denne stadenalt som er att av Ba’al,og namnet åt avgudsprestanesaman med prestane.

5. Eg rydjar ut dei som tilbedhimmelhæren på taka,dei som tilbed Herren ¬og sver ved han,men samstundes sver ¬ved Milkom,

6. og dei som har vendt ¬Herren ryggen,som ikkje søkjer Herrenog ikkje spør han til råds.

7. Ver still for Herren Gud,for Herrens dag er nær!Herren har laga til ¬ei offerslakting,han har vigt sine gjester.

Les hele kapitlet Sefanja 1