Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 98:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein salme.Syng ein ny song for Herren,for han har gjort under!Hans høgre hand ¬har gjeve han siger,hans heilage arm ¬har hjelpt han.

2. Herren har gjort si frelse kjend,har vist si rettferd for folkeslag.

3. Han kjem i hug si miskunnog sin truskap mot Israels ætt.Alle folk på jord har settfrelsa frå vår Gud.

4. Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda!Bryt ut i jubel og lovsong!

5. Syng og spel på lyre ¬for Herren,spel på lyre, ¬medan songen ljomar!

6. Lat hyllingsrop lyda ¬for kongen, Herren,til klangen av trompetar ¬og horn!

7. Havet og alt som er i det, ¬skal brusa,jorda og dei som der bur.

8. Elvane skal klappa i hendene,og fjella skal jubla i kor.

9. Dei skal jubla for Herren,for han kjem ¬og vil døma jorda.Han skal døma verda ¬med rettferdog folka med rettvise.

Les hele kapitlet Salmane 98