1. Herren er konge! ¬Jorda skal jubla,øyar og strender ¬skal gleda seg.
2. Sky og skodd er kring han,rett og rettferd er grunnvoll ¬for hans kongsstol.
3. Eld går framfor hanog øyder hans fiendar ¬rundt ikring.
4. Hans lynglimt lyser opp ¬jordkrinsen,jorda ser det og skjelv.
5. Fjella brånar som voks ¬for Herren,for han er herre ¬over all jorda.