Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 91:8-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Du skal berre vera vitne til detog sjå at dei gudlause får si løn.

9. For du seier: ¬«Herren er mi livd.»Den Høgste har du gjort ¬til din bustad.

10. Inkje vondt skal koma over degog inga plage nå ditt telt.

11. For han skal gje ¬sine englar påbodat dei skal verna deg ¬på alle dine vegar.

12. Dei skal bera deg på hendene,så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.

13. På løve og orm skal du trakka,ungløve og orm ¬skal du trø under fot.

14. «Eg bergar han, ¬for han held seg til meg;eg gjev han livd, ¬for han kjenner mitt namn.

15. Når han kallar på meg, ¬svarar eg;eg er med han i naud ¬og trengsle,eg friar han ut og gjev han ære.

16. Eg mettar han ¬med mange dagarog lèt han sjå mi frelse.»

Les hele kapitlet Salmane 91