Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 90:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Du lèt mennesket verta ¬til støv attog seier: «Vend tilbake, ¬de menneskeborn!»

4. For tusen år er i dine augosom dagen i går ¬då han fór framom,eller som ei nattevakt.

5. Du riv menneska bort,dei er som ein svevn.Om morgonen er dei ¬som groande graset:

6. Om morgonen gror det ¬og blømer,om kvelden er det vise og turt.

7. Vi går til grunne ¬ved din vreide,redsle grip oss ved din harme.

8. Våre misgjerningar ¬har du for auga,vår løynde synd vert synlegi ljoset frå ditt åsyn.

9. Alle våre dagar ¬fer fram i din vreide,åra går som ein pust.

10. Vår levetid er sytti år,og åtti år, når styrken er stor.Deira herlegdom er strev ¬og møde;snart er det slutt, ¬vi flyr av stad.

11. Kven kjenner styrken ¬i din vreide,kven ottast deg, ¬så han skjønar din harme?

12. Lær oss å telja våre dagar,så vi kan få visdom i hjarta!

13. Kom attende, Herre! ¬Kor lenge?Ha medynk med dine tenarar!

14. Metta oss med miskunn ¬når morgonen renn,så vi kan gleda og fagna oss ¬alle våre dagar.

15. Gled oss så lenge ¬som du har audmykt oss,like mange år ¬som vi har lide vondt.

Les hele kapitlet Salmane 90