Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 90:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei bøn av gudsmannen Moses.Herre, du har vore ein bustadfor oss frå ætt til ætt.

2. Før fjella vart fødde,før jorda og verda vart til,ja, frå æve til æve er du, Gud.

3. Du lèt mennesket verta ¬til støv attog seier: «Vend tilbake, ¬de menneskeborn!»

4. For tusen år er i dine augosom dagen i går ¬då han fór framom,eller som ei nattevakt.

5. Du riv menneska bort,dei er som ein svevn.Om morgonen er dei ¬som groande graset:

6. Om morgonen gror det ¬og blømer,om kvelden er det vise og turt.

7. Vi går til grunne ¬ved din vreide,redsle grip oss ved din harme.

8. Våre misgjerningar ¬har du for auga,vår løynde synd vert synlegi ljoset frå ditt åsyn.

9. Alle våre dagar ¬fer fram i din vreide,åra går som ein pust.

10. Vår levetid er sytti år,og åtti år, når styrken er stor.Deira herlegdom er strev ¬og møde;snart er det slutt, ¬vi flyr av stad.

11. Kven kjenner styrken ¬i din vreide,kven ottast deg, ¬så han skjønar din harme?

Les hele kapitlet Salmane 90