Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 85:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Vil du vera harm på oss ¬for alltidog la vreiden vara ¬frå ætt til ætt?

7. Vil ikkje du gje oss liv på nytt,så ditt folk kan gleda seg i deg?

8. Lat oss få sjå din godleik, ¬Herre,og gjev oss di frelse!

9. Eg vil høyra ¬kva Gud, Herren, seier.For han talar fred ¬til sitt folk,til sine trugne,– berre dei ikkje vender seg ¬til dårskap!

10. Ja, hans frelse er nærfor dei som ottast han;hans herlegdom ¬skal bu i vårt land.

11. Godleik og sanning ¬skal møta kvarandre,rettferd og fred ¬kyssa kvarandre.

12. Truskap skal gro opp or jordaog rettferd sjå ned ¬frå himmelen.

13. Då gjev Herren det ¬som godt er,og landet vårt ber si grøde.

14. Rettferd går framføre han,og frelse fylgjer i hans fotefar.

Les hele kapitlet Salmane 85