Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 75:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Eg sa til dårane: ¬«Ver ikkje dumme!»og til dei gudlause: ¬«Ver ikkje stolte!

6. Briska dykk ikkje ¬av dykkar makt,gjer ikkje nakken bratt ¬og talen frekk!»

7. For det kjem inga oppreising ¬frå aust eller vestog heller ikkje frå øydemarka.

8. Nei, det er Gud som dømer.Éin bøyer han ned, ¬og éin reiser han opp.

9. Herren har eit staup i si handmed skummande, krydda vin.Han skjenkjer i av vinen,og alle vonde på jorda ¬må drikka,jamvel botnfallet må dei tøma.

10. Men eg vil alltid fortelja ¬om detteog spela og syngja ¬for Jakobs Gud.

11. «Eg tek makta ¬frå alle dei gudlause,men dei rettferdige ¬skal få stor kraft.»

Les hele kapitlet Salmane 75