Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 75:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!»Ein Asaf-salme. Ein song.

2. Gud, vi prisar og takkar deg.Ditt namn er nær hjå deisom fortel om dine under.

3. «På den tid eg har fastsett,skal eg halda rettferdig dom.

4. Jorda og alle som bur der, ¬kan rikkast,men eg har gjort ¬hennar søyler faste.» Sela

5. Eg sa til dårane: ¬«Ver ikkje dumme!»og til dei gudlause: ¬«Ver ikkje stolte!

6. Briska dykk ikkje ¬av dykkar makt,gjer ikkje nakken bratt ¬og talen frekk!»

7. For det kjem inga oppreising ¬frå aust eller vestog heller ikkje frå øydemarka.

8. Nei, det er Gud som dømer.Éin bøyer han ned, ¬og éin reiser han opp.

9. Herren har eit staup i si handmed skummande, krydda vin.Han skjenkjer i av vinen,og alle vonde på jorda ¬må drikka,jamvel botnfallet må dei tøma.

10. Men eg vil alltid fortelja ¬om detteog spela og syngja ¬for Jakobs Gud.

Les hele kapitlet Salmane 75