Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 72:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. For han bergar ¬den fattige som ropar,armingen ¬som ingen hjelpar har.

13. Han ynkast over småkårsfolkog bergar livet åt dei fattige.

14. Han løyser dei ¬frå tvang og vald,deira liv er dyrt i hans augo.

15. Gjev kongen må levaog få gullet frå Saba!Folk skal alltid be for hanog velsigna han dagen lang.

16. Lat det vera slik mengd ¬med korn i landetat det bylgjar over åsane.Lat grøda vera ¬som skogen på Libanon,lat byar bløma og breia seg ¬som graset på marka.

17. Lat namnet hans leva ¬til evig tid,skyta friske skot ¬så lenge sola skin.Alle folk ¬skal velsigna seg med detog prisa han sæl.

18. Lova vere Herren, Israels Gud,han som gjer under, ¬einast han!

19. Hans herlege namn ¬vere evig lova!All jorda er full ¬av hans herlegdom.Amen, amen. *

20. Her endar bønene av David, son til Isai.

Les hele kapitlet Salmane 72