Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 71:10-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Mine fiendar talar om meg,dei lurer på meg og samrår seg.

11. Dei seier: «Gud har forlate han.Jag han og grip han!Det er ingen som bergar.»

12. Gud, ver ikkje langt borte ¬frå meg!Skund deg og hjelp meg, ¬min Gud!

13. Lat dei som står meg imot,gå til grunne med skam!Lat dei som vil meg vondt,sveipast i skam og vanære!

14. Men eg er alltid full av von,atter og atter vil eg prisa deg.

15. Kvar dag skal eg fortelja ¬om di rettferd,om dine gjerningar til frelse;eg kjenner ikkje talet på dei.

16. Herre, min Gud,eg vil tala om dine storverk,prisa di rettferd, berre den.

17. Du har lært meg opp, Gud,heilt frå min ungdom,og enno fortel eg ¬om dine under.

18. Forlat meg heller ikkje, Gud,når eg vert gamal og grå!Så skal eg tala ¬om di mektige gjerningtil heile den ætt som kjem.

19. Din styrke og di rettferd, Gud,når til himmelen.Du som har gjort så store ting,Herre, kven er som du?

20. Du som lét oss opplevamange trengsler og ulukker,du vil atter gje oss livog føra oss oppfrå havsens djup under jorda.

21. Gjev meg att mi ære,vend deg til meg og ¬trøysta meg!

22. Så vil eg spela på harpeog prisa din truskap, Gud.Eg vil spela på lyre for deg,du Israels Heilage.

23. Mine lipper skal jublanår eg spelar for deg,mi sjel som du har løyst ut, ¬skal jubla.

24. Ja, heile dagen skal mi tungetala om di rettferd.For dei som vil meg vondt,har vorte til spott og spe.

Les hele kapitlet Salmane 71