Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 71:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Hjå deg, Herre, søkjer eg livd,lat meg aldri verta til skammar!

2. Fri og frels meg i di rettferd,vend øyra til meg og ¬berga meg!

3. Ver eit fjell som eg kan fly til,ei festning der eg finn frelse!For du er mitt berg og mi borg.

4. Fri meg, Gud, ¬frå handa åt dei gudlause,frå dei som fer ¬med vald og urett!

5. Herre, Gud, du er mi von,frå min ungdom ¬har eg sett mi lit til deg.

6. Frå eg vart fødd, ¬har eg stødd meg til deg,du drog meg fram frå mors liv.Deg vil eg alltid prisa.

7. Eg har vorte ¬som eit under for mange,du er mi trygge tilflukt.

8. Min munn er full av lovsong ¬til deg,eg prisar din herlegdom ¬dagen lang.

9. Støyt meg ikkje bort ¬i min alderdom,forlat meg ikkje ¬når krafta minkar.

10. Mine fiendar talar om meg,dei lurer på meg og samrår seg.

11. Dei seier: «Gud har forlate han.Jag han og grip han!Det er ingen som bergar.»

12. Gud, ver ikkje langt borte ¬frå meg!Skund deg og hjelp meg, ¬min Gud!

13. Lat dei som står meg imot,gå til grunne med skam!Lat dei som vil meg vondt,sveipast i skam og vanære!

14. Men eg er alltid full av von,atter og atter vil eg prisa deg.

15. Kvar dag skal eg fortelja ¬om di rettferd,om dine gjerningar til frelse;eg kjenner ikkje talet på dei.

Les hele kapitlet Salmane 71