Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 69:3-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. eg har sokke ned ¬i ei botnlaus myr,der det ikkje er feste for foten.Eg er komen ut på djupet,og straumen riv meg bort.

4. Eg har ropa meg trøytt,det brenn i strupen.Augo mine er dimme,eg har venta så lenge ¬på min Gud.

5. Fleire enn håra på mitt hovuder dei som hatar meg ¬utan årsak.Mange er dei ¬som vil meg til livs,som er mine fiendar ¬utan grunn.No må eg gje vederlagfor det eg ikkje har røva.

6. Gud, du kjenner min dårskap,mine synder ¬er ikkje løynde for deg.

7. Lat ikkje dei som vonar på deg,Herre, Allhærs Gud,verta vonbrotne over meg!Lat ikkje dei som søkjer deg,verta til skammar for mi skuld, ¬Israels Gud!

8. For di skuld må eg tola spott;mitt andlet raudnar av skam.

9. Eg har vorte ein framand ¬for brørne mine,ein ukjend mann ¬for sønene åt mor mi.

10. Ja, brennhug for ditt hus ¬har ete meg opp;spottord frå dei ¬som spottar deg,har falle på meg.

11. Når eg gret og fasta,vart eg spotta for det.

12. Når eg tok på meg syrgjeklede,vart eg til eit ordtak for dei.

Les hele kapitlet Salmane 69