Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 69:18-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Løyn ikkje andletet ¬for din tenar!For eg er i trengsle.Skund deg og svar meg!

19. Kom til meg og fri meg ut,berg meg frå mine fiendar!

20. Du kjenner til ¬korleis eg vert spotta,kva skam og vanære eg ¬må tola;alle mine fiendar veit du om.

21. Deira spott har knust ¬mitt hjarta,det kan ikkje lækjast.Eg vona på medynk, ¬men det var fåfengt,på folk som kan trøysta, ¬men eg fann ingen.

22. Dei hadde gift i maten min,for torsten ¬gav dei meg eddik å drikka.

23. Lat bordet deira verta ei snareog offermåltidet ei felle for dei.

24. Lat augo deira dimmast,så dei ikkje kan sjå!Lat alltid deira hofter skjelva!

25. Renn ut din vreide over dei,lat din brennande harme nå dei!

26. Lat leiren deira verta aud,så ingen bur i deira telt.

27. For dei forfylgjer ¬den du har slege,og aukar pinsla åt den ¬du har gjennomstunge.

28. Legg skuld til den skulda ¬dei har,lat dei ikkje få del i di frelse!

29. Lat dei strykast ut ¬or livsens bokog ikkje skrivast opp ¬med dei rettferdige.

30. Men eg er arm og full av liding;Gud, lat di frelse verna meg!

31. Eg vil prisa Guds namn ¬med songog hylla han med takkesong.

Les hele kapitlet Salmane 69