Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 62:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Etter Jedutun.Ein Davids-salme.

2. Einast i von til Gud ¬er mi sjel still,mi frelse kjem frå han.

3. Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse;han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast.

4. Kor lenge vil de, alle i hop,gå laus på ein mann ¬for å drepa han,som når ein stormar ¬mot ein lutande veggeller ein falleferdig mur?

5. Ja, dei legg planar ¬om å støyta han ned,ned frå hans høgd ¬– dei elskar svik.Med munnen velsignar dei,men i sitt hjarta ¬forbannar dei. Sela

6. Ver still for Gud, mi sjel!Frå han kjem mi von.

7. Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse;han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast.

8. Mi frelse og mi ærehar sin grunn i Gud.Han er mitt faste fjell,eg flyr til han.

9. Lit alltid på Gud, de folk,renn ut for han ¬det som fyller hjarta!Gud er ei livd for oss. Sela

10. Menneske er som ein pust,menneskeborn sviktar;på vektskåla vippar dei opp,dei er alle lettare enn luft.

11. Set ikkje lit til valdeller fåfengd von til rov!Om rikdomen aukar,så lat ikkje det fanga din hug!

12. Éin gong har Gud tala til meg,ja, to gonger har eg høyrtat det er Gud ¬som har makta,

Les hele kapitlet Salmane 62