Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 62:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Etter Jedutun.Ein Davids-salme.

2. Einast i von til Gud ¬er mi sjel still,mi frelse kjem frå han.

3. Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse;han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast.

4. Kor lenge vil de, alle i hop,gå laus på ein mann ¬for å drepa han,som når ein stormar ¬mot ein lutande veggeller ein falleferdig mur?

5. Ja, dei legg planar ¬om å støyta han ned,ned frå hans høgd ¬– dei elskar svik.Med munnen velsignar dei,men i sitt hjarta ¬forbannar dei. Sela

6. Ver still for Gud, mi sjel!Frå han kjem mi von.

7. Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse;han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast.

8. Mi frelse og mi ærehar sin grunn i Gud.Han er mitt faste fjell,eg flyr til han.

9. Lit alltid på Gud, de folk,renn ut for han ¬det som fyller hjarta!Gud er ei livd for oss. Sela

10. Menneske er som ein pust,menneskeborn sviktar;på vektskåla vippar dei opp,dei er alle lettare enn luft.

Les hele kapitlet Salmane 62