Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 6:3-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Ver meg nådig, Herre, ¬for eg er kraftlaus.Læk meg, Herre, ¬eg er djupt forfærd.

4. Mi sjel er gripen av redsle.Kor lenge, Herre?

5. Herre, vend deg hit ¬og fri meg ut,frels meg i di miskunn!

6. For ingen av dei døde ¬kjem deg i hug.Kven prisar vel deg i dødsriket?

7. Eg er trøytt av å sukka,med tårer væter eg mi lege,eg græt kvar natt, ¬så senga er våt.

8. Mitt auga er sløvt av bitter sorgog dimt av all den motstand ¬eg møter.

9. Vik frå meg, ¬alle ugjerningsmenn,for Herren har høyrt min gråt.

10. Herren høyrde ¬då eg trygla og bad,han har teke imot mi bøn.

11. Alle mine fiendar ¬skal verta til skammar.Dei skal gripast av redsleog brått snu om med skam.

Les hele kapitlet Salmane 6