Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 57:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hola.

2. Ver meg nådig, Gud, ¬ver meg nådig!For eg flyr til deg.I skuggen av dine vengerfinn eg livd til ulukka ¬er over.

3. Eg ropar til Gud, Den Høgste,til Gud ¬som fullfører verket for meg,

4. at han må senda meg hjelp ¬frå himmelen,setja støkk i dei ¬som vil meg til livs, Selaog visa meg miskunn ¬og truskap.

5. Eg må liggja midt ¬imellom løversom vil gløypa menneske.Deira tenner er ¬som spyd og piler,deira tunge ¬som kvasse sverdet.

6. Vis deg høg ¬over himmelen, Gud,vis din herlegdom ¬over all jorda!

7. Dei sette garn for mine føter,djupt bøygde dei meg ned.Dei grov ei fallgrav for meg,men sjølve fall dei ned ¬i henne. Sela

8. Mitt hjarta er roleg, Gud,mitt hjarta er roleg.Eg vil syngja og spela.

9. Vakna, mi sjel,vakna, harpe og lyre!Morgonroden vil eg vekkja.

10. Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre,lovsyngja deg ¬mellom folkeslag.

Les hele kapitlet Salmane 57