Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 56:5-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord.Eg har tillit til Gud ¬og er ikkje redd.Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

6. Dagen lang vil dei ¬skada mi sak,dei tenkjer på ¬å gjera meg vondt.

7. Dei slår seg saman ¬og lurer på meg,ja, dei vaktar mine steg,for dei ynskjer å ta mitt liv.

8. Men dei slepp ikkje unna, ¬for dei er vonde.Støyt folkeslag ned ¬i din vreide, Gud!

9. Du har skrive oppkorleis eg flakka ikring;mine tårer har du samla ¬i di flaske.Står det ikkje i di bok?

10. Så skal mine fiendar ¬dra seg tilbakeden dagen eg ropar.Det veit eg, at Gud er ¬med meg.

11. Med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord,ja, ved Herren prisar eg ordet.

12. Eg lit på Gud og er ikkje redd.Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

13. Eg må gjera ¬det eg har lova deg, Gud,eg vil koma til deg ¬med takkoffer.

14. For du har berga mitt liv ¬frå dødenog fria min fot frå å snåva.Så kan eg ferdast for Guds åsyn ¬i livsens ljos.

Les hele kapitlet Salmane 56