Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 52:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Ein læresalme av David,

2. då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Akimeleks hus.

3. Kvifor rosar du deg ¬av din vondskap,du mektige mann?– Guds truskap varer alltid.

4. Du tenkjer berre ¬på å øydeleggja,tunga di er som ein kvass kniv,du som fer med svik.

5. Du elskar det vonde ¬meir enn det godeog lygna ¬meir enn sannferdig tale. Sela

6. Du elskar kvart ord ¬som gjer rådlaus,du som har svik på tunga.

7. Difor skal Gud slå deg ned ¬for alltid,knusa deg ¬og dra deg ut or ditt telt;han skal rykkja deg opp ¬or landet åt dei levande. Sela

8. Dei rettferdige skal sjå det ¬og ottast;dei skal le åt han og seia:

9. «Sjå, der er den mannensom ikkje søkte livd ¬hjå Gud,men sette si lit ¬til sin store rikdomog bruka sin styrke ¬til å øydeleggja.»

10. Men eg er som eit oliventre,grønt og frodig i Guds hus.Evig og alltid set eg mi littil Guds truskap.

11. All mi tid vil eg prisa deg,fordi du har gripe inn.Saman med dine trugneset eg mi von til ditt namn,for du er god.

Les hele kapitlet Salmane 52